Kronikk: Ingen mann er ei øy

31. august 2021

Utøya og daglig leder Jørgen Watne Frydnes ble 21. august tildelt Fritt Ords Honnør. Denne kronikken er en forkortet versjon av nestleder i Fritt Ords styre Bård Vegar Solhjells tale, holdt under prisutdelingen.

Ingen mann er ei øy

Utøya og Jørgen Watne Frydnes vart 21. august tildelt prisen Fritt Ords Honnør for å ha gjort ein åstad for terrorangrep og massedrap til ein arena for kunnskap, diskusjon og motstand. Utøyas metode er å vere ein demokrativerkstad for kunnskap og engasjement.

Utøya var ein gong ei ganske unnseleg øy der ho ligg i Tyrifjorden, så vidt synleg frå Europavegen som snirklar seg nedover frå Sollihøgda. Men ikkje ei vanleg øy. Ei politisk øy. Viktig og unik for AUF og arbeidarrørsla, kjend for politisk interesserte, ukjend for dei fleste andre.

Terrorangrepet mot Høgblokka i regjeringskvartalet og Utøya endra det.

Øya vart staden for eit av dei mest brutale høgreekstreme terrorangrepa vi kjenner i moderne tid. Ein åstad. Men også så mykje meir enn det. For i løpet av eit tiår er Utøya gradvis omskapt til ein open og inkluderande arena for diskusjon og læring. Det vart skapt gjennom systematisk arbeid, klare mål og motstand. Kva skjedde?

«Vi skal ta Utøya tilbake» sa den dåverande AUF-leiaren Eskil Pedersen allereie dagen etter terrorangrepet. Det gjorde dette målet sjølvsagt for AUF, og markerte ein rask start på arbeidet. Både økonomisk og moralsk støtte strøyma inn, og arbeidet med å skape framtida starta. Utøya AS blei etablert, og allereie året etter vert dei første planane for framtida presentert.

Åra etter det er prega av arbeid med å realisere desse planane, med den enorme utfordringa det er å skape brei semje eller forståing for planane blant dei etterlatne etter terrorangrepet, og i samfunnet elles. Det er i desse åra idégrunnlaget for dagens Utøya veks fram, og dei tre pilarane Utøya skal kvile på: Minne, engasjere, lære.

Minne, fordi Utøya alltid vil bere med seg massedrapet på 69 menneske, og dei store fysiske og psykiske skadane på mange fleire. Øya er minnestaden for dei som vart råka, som dei har vore med på å forme. Men minnet når breiare også, til dømes når skuleklassar markerer bursdagen til ein av dei drepne.

Engasjere, fordi inga terrorhandling skal knekke det ho var retta mot. Tvert om, engasjementet skal vinne. Det er fascinerande å sjå at det er mange fleire sommarleirar på Utøya i dag enn for ti år sidan. Skuleklassar, konfirmantar og andre vert trekte dit og engasjerte i arbeid for mangfald mot ekstremisme.

Lære, fordi vi ikkje er fødde til å fremme demokratiske verdiar og stå opp mot antidemokratiske eller hatefulle haldningar. Vi kan derimot ta det til oss, lære det, forstå det. Hegnhuset er læringssenteret på Utøya. Målet er å styrke ungdom sin demokratiske kompetanse – deira kunnskapar, verdiar og debattkultur.

Det er lett i ettertid å sjå kor viktig den tydelege bodskapen om å ta tilbake Utøya var. Det var ei sterkt politisk handling, og gjorde det å ta Utøya tilbake til del av svaret på terroren. Å komme tilbake er eit teikn på motstand. Kanskje det første dømet på at svaret ikkje berre skulle vere å minnast, men også å overvinne høgreekstremismen.

Det var viktig også fordi åra etter 22. juli ikkje førte til eit politisk oppgjer med høgreekstremisme.

Terrorangrepet 22. juli 2011 var eit angrep på så mykje. Det var også eit angrep på ytringsfridomen – som vart møtt med å hegne om den, gjennom å ta tilbake Utøya og bruke ho til å styrke mykje av det terroristen ville nedkjempe. Å ta tilbake Utøya var i seg sjølv ei politisk ytring. Det var å vise i praksis at engasjement ikkje lèt seg stoppe, og at idear om demokratisk engasjement og mangfald ikkje lèt seg knekke.

Bård Vegar Solhjell
Bård Vegar Solhjell. Foto: Helge Brekke

I vår gav Jørgen Watne Frydnes ut boka «Ingen mann er en øy». Ingen mann er ei øy, og inga øy er ein mann, men Frydnes kjem nok ganske nær å vere denne mannen for Utøya. Han vart tidleg engasjert for å leie arbeidet med å ta Utøya tilbake, og har vore den mest sentrale personen i å bygge opp at øya – dagleg leiar sidan 2012.

Det er imponerande å lese korleis han forstår at det krevst ein heilt spesiell arbeidsmåte for å kome vidare i dei tøffe åra, der planane for Utøya blir til. Han etablerer dialog med kvar enkelt familie som er etterlatt etter ein person som mista livet. Alle må vere ein del av prosessen, for å kome vidare. Han skriv at «Jeg tror en av de viktigste grunnene til at arbeidet på Utøya nå anses som en relativt stor suksess, er at prosjektet tok imot ytre og indre motstand med åpne armer».

Som tidlegare politikar, og no embetsmann, må eg seie at det neppe er politikken eller staten sin fremste eigenskap å ta imot motstand med opne armar. Kan det forklare den relative suksessen utøya har hatt, der det har vore vanskeleg å kome vidare i arbeidet med nasjonale minnesmerke?

Eg, som mange andre, trudde at 22. juli 2011 skulle endre norsk politisk debatt, og føre til ei massiv avvising av høgreekstreme idear og kva konsekvensar dei kunne få. Det skjedde ikkje. Desse ideane står, ifølgje PST, sterkare i dag. Kanskje, som Fritt Ords direktør Knut Olav Åmås skreiv i sommar, «de fleste av oss undervurderte hvor mye tøff motstand som kreves mot illiberale og ytterliggående ytringer».

Samstundes trur eg motstanden står sterkare. Det siste halvåret har skapt ein annan type debatt enn på lenge. Partipolitikken har blitt del av den. Overlevande frå 22. juli trer fram på eit anna vis. Anar vi også eit generasjonsskilje i synet på høgreekstremisme, der den yngre generasjonen har ei djupn i forståing og ei vilje til motstand som er sterkare enn generasjonane før?

Utøya og Jørgen Watne Frydnes vart 21. august tildelt prisen Fritt Ords Honnør for å ha gjort ein åstad for terrorangrep og massedrap til ein arena for kunnskap, diskusjon og motstand. Utøyas metode er å vere ein demokrativerkstad for kunnskap og engasjement. På øya lærer nye generasjonar å delta i krevjande debattar om ytringsfridom, ytringskultur og ekstremisme.

Dette har vi lært: at det politiske oppgjeret med høgresekstremisme ikkje er eit oppgjer, men eit kontinuerleg arbeid for å bygge og utvikle det samfunnet som kan stå mot høgreekstremismen. Det arbeidet ligg ikkje på ein organisasjon, ein tale eller eit utspel, men på alle menneske i sine ulike posisjonar. Vi kan ikkje vente på eller møte opp til oppgjeret. Vi er oppgjeret.

Utøya er igjen ei politisk øy, som når ut til fleire enn tidlegare, og viser krafta i det frie ordet og den demokratiske tenkemåten. Som er del av oppgjeret med høgreekstrem ideologi.

Utøya og Jørgen Watne Frydnes er del av oppgjeret.

Denne teksten ble publisert i VG 29. august. En lengre versjon ble fremført muntlig under utdelingen av Fritt Ords Honnør til Utøya og Jørgen Watne Frydnes lørdag 21. august og kan leses her.

Nyheter

Rune Halseth holder tale

– År med lukkede og hemmeligstemplede dokumenter. Rune Halseths tale

15. juni 2026

Rune Halseths tale ved utdeling Fritt Ords honnør 2026 til Ingunn Ikdahl og Christoffer Conrad Eriksen og Foreningen for Nav-skandalens ofre ved styreleder Rune Halseth. 15. juni 2026
– Jeg ble lovet at «hver stein skulle snus», at «skuffer og skap skulle endevendes». I stedet har vi fått år med lukkede og hemmeligstemplede dokumenter, bortforklaringer og regjeringer som beskyttet hverandre, mens ofrene er blitt satt på vent, sa Halseth.

Hadia Tajik under talen

– Makt søker ikke kritikk. Det er kritikken som oppsøker makta.

15. juni 2026

Tale av Hadia Tajik, styremedlem i Fritt Ord ved utdeling Fritt Ords honnør til Ingunn Ikdahl og Christoffer Conrad Eriksen og Foreningen for Nav-skandalens ofre. 15. juni 2026

Ingunn Ikdahl og Christoffer Conrad Eriksen

– Når staten begår alvorlige feil er åpenhet desto mer viktig. Pristale av Ingunn Ikdahl og Christoffer Conrad Eriksen

15. juni 2026

– At departement og regjeringen ikke la alle kort på bordet, og at Stortinget ikke krevde at dette ble gjort, er ikke bare uforståelig. Det er også i strid med en viktig begrunnelse bak det å ta retten til informasjon inn i Grunnloven. Og det er i strid med en etablert praksis. Vi håper også at denne prisen gir en beskjed til nåværende og fremtidige regjeringer: Når styringssvikt har fått alvorlige konsekvenser, må alle kort legges på bordet med en gang, sa jusprofessorene Ingunn Ikdahl og Christoffer Conrad Eriksen under utdelingen av Fritt Ords Honnør 2026 15. juni 2026

Rune Halseth, Ingunn Ikdahl og Christoffer Conrad Eriksen

Fritt Ords Honnør til Foreningen for Nav-skandalens ofre og Ingunn Ikdahl og Christoffer Conrad Eriksen

10. juni 2026

Foreningen for Nav-skandalens ofre ved styreleder Rune Halseth og jussprofessorene Ingunn Ikdahl og Christoffer Conrad Eriksen tildeles Fritt Ords Honnør for å kreve offentlighet og åpenhet i en sak der myndighetene har gjort feil som har gått utover mange menneskers rettssikkerhet.