Fritt Ords Pris 2017 til avisa Dag og Tid

24. april 2017

PRESSEMELDING 24.4.2017

Stiftinga Fritt Ords Pris 2017 blir tildelt avisa Dag og Tid for å skapa grundig og seriøs journalistikk som tek heile Noreg alvorleg, set sine eigne dagsordenar og er eit raust rom for særs ulike røyster.

Dag og Tid er den einaste riksdekkjande nynorskavisa, og den er eit sjeldsynt innslag i det norske medielandskapet. Snarare enn å følgja trendane utgjer avisa ein annleis offentlegdom. Den tek ofte opp motstraums tema i journalistikken sin og undersøkjer andre saker enn mange andre medium. Vekeavisa følgjer nøye med i norsk matpolitikk og utviklinga av primærnæringane, og er oppteken av verdiskapinga som skjer over heile landet. Dag og Tid driv også skarp og konkret mediekritikk, og er grundig i analysane av den offentlege økonomien. Avisa legg vekt på kritikk og meldingar av kunst og kultur, men òg av arkitektur og by- og bygdemiljø. Dessutan byr avisa på noko så sjeldan i norsk presse som humor.

Dag og Tid gjev lesarane mykje interessant stoff om internasjonale tilhøve. Når det gjeld vårt eige land er avisa oppteken av Distrikts-Noreg, og prioriteringa av landet utanfor Oslo pregar utvalet av dei som blir intervjua og sjølve skriv i avisa. Det er høgt under taket både for tilsette journalistar og debattantar utanfrå. Avisa er politisk sjølvstendig, med ein klår motstraums og målpolitisk profil.

- Journalistikk er eit svært viktig felt for Stiftinga Fritt Ord. Når vi no tildeler Fritt Ords Pris 2017 til Dag og Tid, er det ein heider til ei uvanleg sjølvstendig avis der vi finn overraskande og lærerikt stoff kvar veke, seier styreleiar i Fritt Ord, Grete Brochmann.

Dag og Tid
Avisa Dag og Tid har kome ut sidan 1962, blir redigert på nynorsk og legg særleg stor vekt på stoff om kultur og politikk. Den første redaktøren var Arthur Klæbo. Sidan 2001 har Svein Gjerdåker vore ansvarleg redaktør. Opplaget er nær dobla i same perioden, i 2016 var netto opplagstal på 11 211 eksemplar. Vekeavisa har kring 40 000 lesarar. Dag og Tid er eigd av om lag 1000 aksjonærar.

Fritt Ords Pris
Fritt Ords Pris er høgste utmerkinga til stiftinga. Den årlege prisen er på 400 000 kroner. Med prisen følgjer Fritt Ord-statuetten, laga av Nils Aas. Prisutdelinga finn stad måndag 8. mai 2017 i Den Norske Opera & Ballett i Oslo. Tidlegare prisvinnarar finn du her: www.frittord.no/priser/fritt-ords-pris

Kontakt:
Svein Gjerdåker, mobil: 916 02 741
Grete Brochmann, mobil 992 78 730

Nyheter

Gard Steiro, Xueqi Pang, Tellef Raabe, Ammal Ahmed Haj Mohamed, Guro Lindebjerg , Eivind Ljøstad, Janne Johannessen og Kjersti Sortland.

Fritt Ord på Arendalsuka: Mediene i KI – og Hvem slipper til i media

2. juli 2026

Fritt Ord er på Arendalsuka i august: Hvilke stemmer slipper til i mediene? Og hvordan endrer kunstig intelligens journalistikken? Mandag 10. august tar Fritt Ord disse to debattene til Bystyresalen i Arendal med to samtaler om medienes fremtid:
Kl. 14.30: «Hvem kommer til orde i norske medier?»
Kl. 16.30: «KI og veien videre for mediene»

Med VGs Gard Steiro og Xueqi Pang, Stavanger Aftenblads Kjersti Sortland, DNs Janne Johannessen, Fædrelandsvennens Eivind Ljøstad og Retrievers Guro Lindebjerg samt Fritt Ords Tellef Raabe, Ammal Ahmed Haj Mohamed og Joakim Lie.

Fritt Ords journaliststipend i Oxford – The Fritt Ord Journalism Fellowship 2027

1. juli 2026

Stiftelsen Fritt Ord lyser ut et halvårig journaliststipend ved Reuters Institute for the Study of Journalism ved universitetet i Oxford, England, med studiestart i januar 2027.

Søknadsfristen for studieoppholdet som starter januar 2027, er 1. september 2026, kl 12.00 (på dagtid).

Les om prosjektene til tidligere fellower.

Mathias Fischer.

Ny avis på Vestlandet og mer innsyn i «hemmelige» eiere –  nye tildelinger i journalistikk juni 2026

26. juni 2026

Innsyn.no skal utvides med søk i «hemmelige» norske eiere, Syn og Segn får støtte til nye utgaver og den nye avisen «Vestlendingen» lanseres i august.
– Ingen av debatt- og idéavisene i Norge har hovedsete utenfor Oslo, sier Vestlendingens kommende redaktør, Mathias Fischer.
Se alle nye tildelinger i utlysningen «Norsk Journalistikk» i juni 2026.

Uro under en stabil overflate?: Lansering av en ny undersøkelse om befolkningens syn på ytrings- og informasjonsfrihet

17. juni 2026

Stiftelsen Fritt Ord og Institutt for samfunnsforskning inviterer til rapportlansering og samtale mandag 8. juni 2026 kl. 9.00–11.00 i Fritt Ords lokaler i Uranienborgveien 2, Oslo.

Hvor trekker folk grenser for ytringsfriheten og hva mener de er de største truslene mot en opplyst debatt i en tid preget av uro, kriser og internasjonale konflikter? Synes de meningsmangfoldet er stort nok og takhøyden tilstrekkelig? Og hvordan vurderer folk tilgangen til sannferdig og relevant informasjon i et medielandskap med nye formater og stemmer og kunstig intelligens?